søndag 14. august 2011

Sommerferien 2011

Onsdag 13. juli, og fortsatt heilt greitt sommarver..


Frokost i forteltet :-)


Ein heilt vanleg føremiddag..
Litt somling, før ein fann ut kva ein skulle gjere den dagen :-)
(Har ein ferie, så har ein ferie - ikkje noko å stresse etter)

Ser at Fam Davik har innfunne seg på campingplassen, med vogna si ikkje så lagt frå oss. Då vart vi 5 fjørtoftingar samla, nesten eit lite Fjørtoftstreff!?


"Oppvask-jentene"!
Dei prøvde å tene seg litt feriepengar på å ta oppvasken for dei andre vognene, men trur ikkje det vart den store gevinsten.. Kanskje litt for mykje papp og eingongs-bestikk?
;-)


Denne ettermiddagen vart det bading på det flotte badeanlegget like ved.
Her er det kjekspause :-)


Soltørking og kjeks-gomling, er ingen dårleg kombinasjon!


Vi måtte også sjekke ut den store ute-sklia på området.
Og denne var det kun dei tøffaste som turde å ta, dvs Andrine og pappa'n  ;-)    To gongar måtte til, før ho sa at no hadde ho svelgt nok vatn...


Må også ta med eit bilete av ei tøffina til : Iselin på 2 år og pappa Terje :-)


Og så var det førstemann ned av brødrene Ivar og Arve.  Konkurranseinstinktet var i alle fall på plass ;-)
Håkon var også med i feiden, men har dessverre ikkje komt med på biletet...  (Stressa fotograf!)


Prøving av Funballz stod også på programmet.
Her er det Malin og Håkon som prøver seg.


Og så dei som stod på land og kika på...


Til og med Hannah prøvde seg!
Sjølv synest eg det såg vel klamt og tett ut til at dette frista meg..  Litt kondis burde ein ha også...


Denne kvelden tok vi middagen på restauranten på campingplassen.
Grei mat, men med trøtte og slitne ungar vart det ikkje den store kosen.


Då er det greitt å komme tilbake til vogna, og berre drive med litt små-syssel før leggetid (- som vart seinare og seinare i løpet av ferien..)

Ingen kommentarer: