søndag 21. august 2011

Meir sommerferie 2011

Så har vi komt til dag 6 av sommerferien 2011.


Her har vi Lone og Barbie-dokkene.
Lone søkte ofte til forteltet for å leike. Der fekk ho vere litt skjerma (både for sol og folk), samtidig som ho fekk sitje på golvet.
Synest også det er litt "trist" at ho nærmast har hoppa over baby-dokke-stadiet... Ho blir liksom så fort stor!  Men slik er det vel når ein må henge på søstre som er større enn seg  ;-)


Dette var dagen då vi skulle gjere oss kjend med Ørebro-sentrum.
Utan kart og utan å vite særleg kva sentrum hadde å by på, vart det litt tilfeldig sight-seeing.
Vi trudde det luraste var å ta bil  inn til byen, med det viste seg at vi hadde parkert eit stykke utanfor kjernen av sentrum.. Det vart eit stykke å gå (Hadde heldigvis vogn til Lone!) før vi fann fram, men på denne måten fekk vi no sett litt av byen, då  ;-)

Hamna først i parken utanfor Ørebro Slott, der det var tid for litt mat&drikke, samtidig som vi fekk sjå på alt det rare som var laga til der (Del av ei Kunstutstilling)
Lone var mest fasinert av ei "prinsesse-seng" som låg og flaut ute i elva!


Ørebro Slott.
Neste gong blir det ein titt inne i slottet (når ungane er litt meir mottakeleg for det..)


Posering!  :-)

Vi fann til slutt sentrum av sentrumet, med gågate og butikker. Men då hadde det blitt såpass kjøleg at mor tok med seg ungane for å kjøpe litt varmare kle, og Bent gjekk for å finne bilen...

Jaja, betre lykke neste gong ;-)



Her har det blitt kveld på campingplassen, og dei minste har fått seg "barnevakt"
Eigentleg så finn ikkje Lone seg i å bli hersa med av storesøster Oda, men så lenge Celine også er med, går det greitt ;-)
 Men det er no kjekt med flinke storesøstre også da!


Her har vi Andrine saman med ein go'kompis, der dei sit og spikker :-)

Ingen kommentarer: