tirsdag 9. august 2011

Litt av kvart - igjen..


Vi har vel vore flinke til å nyte dei få fineversdagane som har vore, og sjølv om temperaturen ikkje har vore så høg, blir det ei lun krå på altanen.
Vi hadde planen med å få beisa altanen og måla rekkverk i år, men vi har ikkje teke oss råd til å bruke fineversperiodane til å "okkupere" altanen til slikt arbeid..  (Ellers så er det ei fin unnskyldning til å ikkje ta til på det arbeidet...  ;-)


Hausten 2010 vart vi campingvogn-eigarar, men fekk ikkje høve til å teste campinglivet det året.
Men i sommar skal vi ha campingferie, så då gjeld det å trene seg på korleis det er å bo i campingvogn..
Her er det kveldsmaten som blir inntatt i vogna. Og vi har allereie lært litt:  Enkel servering!



Det har blitt lite solnedgang-bilete denne sommaren, dels på grunn av mykje skodde og surver, dels på grunn av ein overtidsarbeidande mann..
Her er eit frå Håneset (ofte brukt utg.punkt)



Oda har fått tilbake ganske mykje av "fallet" ho hadde i håret då ho var mindre.
Sist ho var hos frisøren, vart det brukt glattetang, med det resultat at ho vart minst eit par år eldre!
Så no er ønskelista til bursdagen klar: Glattetang!  ;-)



Huskar ikkje heilt datoen, men har sett bilete ved fleire anledningar frå same kvelden.
Himmelen var nesten "skummel", med ein raud-oransje farge over store delar av horisonten.
Og eg var utan barnevakt..  :-(

Ingen kommentarer: