mandag 29. mars 2010

Sidan sist..

Lenge sidan sist!
Det blir lite tid til både eigen og andre sine bloggar no for tida.. Så vi får prøve oss på eit lite "skippertak" :-)

Sist helg, frå laurdag til søndag, hadde Oda overnattingsbesøk på "storrommet" i kjellaren.
Dei hadde ordna seg til med flatseng, puter i massevis, og det dei elles kunne komme til å trenge
i løpet av ei lang natt/tidleg morgon..
Men kjekke jenter søv om natta, sjølv om det vart litt seinare enn vanleg denne kvelden. Og litt tidlegare om morgonen... (Men då kan ein no berre spele litt DS og teikne litt Supermodel til det er på tide å stå opp!)
Seinare på søndagen reiste vi på Harøya for å vere med på Samtalegudstenesta til Emil, som snart skal konfirmere seg. Sidan han er einaste konfirmanten frå Fjørtofta dette året, blir han konfirmert saman med klassekameratane på Harøya. Men sjølve Konfirmasjonen skal vere i "rette"-kyrkja på Fjørtofta :-)
-Ein flott ung mann! (Heilt objektivt sagt av ei stolt tante...)

To gode venner... :-)


Overhøyringa (eller samtalen) vart gjort med ein quiz på storskjerm.. Men vi vart forsikra om at det hadde vore pugging av salmevers inne i biletet også ;-)


1 kommentar:

Randi sa...

Heia tante T..

Sukk,så rørt eg vart no :o) Du verden så flotte bilde du klarte å ta da!! Ja lurt å ha kamera klart når ein kan ha bruk for det;)))
Å ja,klart han ville konfirmerast i " vår " kirke,kjekt det!!
Ja no går dei siste dagane fort her..puh!! Men du verden så eg gleder meg til å samle alle til helga!!
Ja stakkars Oda,ho var så trøtt.Tek på å ha overnattingsgjester vettu;))
Å til slutt dei to gode vennane da,dei er no berre så enig å søt!!:))

Bli frisk til helga no!!
Klemmer frå meg!!