torsdag 4. mars 2010

Heime-dag

Idag (onsdag) var det bhg-stengt, og det vart heimedag for mor. Og sidan det var eit strålande ver innimellom snøv-byene, måtte vi ut og sjå om vi kunne få litt vår-fregner...

Resultatet vart sparketur til butikken for å kjøpe bollar :-)


Det gjekk ikkje så fort, men det var no ikkje meininga heller...
Sidan fortauet ikkje var brøytt, var det hovudvegen som hadde det beste sparkeføret. Men sola varmar og hadde laga bare flekkar her og der, så det var risikosport å ha stor fart!

Ingen kommentarer: