søndag 1. november 2009

Den "siste" Disney-timen!

Måndag denne veka var siste dagen i "heste-kuren" som Oda har hatt pga boreliaen. Og Oda såg fram til denne dagen.
Litt ekstra har det nok vore pga magesmerter og kvalme, noko som har ført til at ho måtte vere heime frå skulen litt meir enn forventa. Sjølv etter kuren var ferdig meldte magesmertene seg...


Men no ser vi fram til at Oda skal komme seg til hektene igjen, sjølv om det viser seg at det vil ta litt tid.
Lammelsen i fjeset er det fortsatt ingen endring på, men det kan nok ta nokre veker enno, seier dei "lærde". Så då får vi berre hamstre sugerør for ei stund til ;-)
Borelia er uansett noko herk....

3 kommentarer:

Siv sa...

Godt ho er ferdig no da, og at lammelsen snart sleppe taket. Borrelia e ikkje kjekt nei, det e heilt sikkert

Stine sa...

Stakkars Oda. Håper lammelsen slepp taket snart og at ho kjem seg i god gammel form igjen!

Marion sa...

Krysser fingrane for at Oda snart blir i form att :) Tenker mykje på dåkke... :)