søndag 12. juli 2009

Ny sykkel :-)

Oda har vel forlengst vokse frå sykkelen sin, og ein ny og større har vore påtenkt ei stund..
Pappa Bent har jobba ein del i det siste, men i forrige veke fekk Oda bli med på bytur med lastebil. Og då var det McDonalds og kjøp av sykkel som stod på tapetet (Etter at Pappa Bent hadde fått gjort det han skulle, rett nok..)
Oda er ikkje typisk rosa-jente, så eg var litt overraska då dei kom heim att med ROSA sykkel! Men som Oda sa: -både Andrine og Lone skal arve sykkelen, og det er ikkje sikkert at dei vil like blå...!

Og i kveld var det klart for ein litt lengre prøvetur med nysykkelen. Det vart inn til kyrkja og tilbake, og det er rart kor mykje lettare det er å sykle når hjula har blitt litt større.. Og ho prøvde alle 3 gira!

Her er frå monteringa av sykkelen :-)
Ikkje same kvelden som den vart kjøpt, sjølvsagt.. Det var vel litt overtid som kom i vegen...

Ingen kommentarer: