mandag 27. juli 2009

God natt! (?)

Denne veka har vi prøvd å få gjort litt i kjellaren. Men med 3 ungar i huset og elles tusen andre ting å gjere, har det ikkje blitt så mykje som vi håpa på..
Men litt har vi no gjort, bl.a. rydda kjellar, måla litt, vore i byen og handla møblar (-og sett saman nokre av dei!!), og vaska og ordna...

Så ikveld var det klart for "sengebytte" ;-)
Oda tusla seg ned i kjellaren til sitt noko uferdige rom enno, medan Andrine har arva senga til Oda. Målet er at alle skal ha (i alle fall for ei periode) sengeplass i kjellaren.

Trur nok Andrine vil søve godt i natt, med prinsesser på både dyne og pute...

Lone søv i senga si som vanleg, men måtte no ha med bilete av ho også ;-)
Satsar på ho søv som ein engel i den nye nattdressen sin..
Søt, ikkje sant?!?

Ingen kommentarer: