tirsdag 21. juli 2009

Ferietid...

Sjølv om det ikkje har vore dei store ferieplanane på oss i år, så har vi no fått lufta oss litt.. (Begrensa kva ein kan finne på med 1-2 vekers ferie...)

Men oppsummeringa av ferien til no, er at sommar og ferietid er noko oppskrytt. Ungane kjem ut av rutinene sine, og blir sure og gretne.. Slik har det i alle fall vore i Familien Otterlei Austnes ;-) Men vi har no prøvd å gjere litt "familie-greier" medan vi har vore på tur, og eg trur nok at ungane kjem til å huske det positive (forhåpentlegvis..), istadenfor små-kranglinga.
Her kjem ei lita oppsummering:

Første stopp var hytta på Lora..

Frå Lora er det ikkje så langt til Dombås. Då er det greitt å ta handlinga der, då kan ein kanskje finne på noko..


Vi hadde 2 overnattingar på Lillehammer Hotell. Kjekt hotell for ungane, basseng både ute og inne, fin park med leikeplass, leikerom, kino etc.
Sidan vi hadde hotell kun for sovinga sin del, fekk vi ikkje brukt hotellet til "feriering", det lyt vi heller ta att seinare :-) Men litt bading måtte vi no prøve - etter kveldsmaten!!
(Når vi ankom Lillehammer frykta vi at opphaldet ville bli amputert.. Vi oppdaga at bremsene var varme, og Bent syntest at dei "hang" oppover bakkane mot hotellet. Dette har vi opplevd før, og fekk då beskjed om at neste gong måtte det til ein større reparasjon... Trine såg då føre seg sjølv med 3 sure ungar, fullt med pikk-pakk, på toget oppover til Åndalsnes!!!
Men heldigvis, ein svipptur innom ein verkstad dagen etter, og bilen vart friskmeld - i alle fall inntil vidare... )


Som kanskje observante lesarar har sett, så har eg (-endeleg..) oppgradert picnik-programmet mitt..
Dette førte til at eg brukte så lang tid (måtte utforske litt!) på å organisere bileta, at tida sprang frå meg..
Fortsettelse følger!!!


2 kommentarer:

Stine sa...

Fått gjort litt av kvart dåkke i ferien. Ferie er stort sett oppskrytt her også...tenk at skulen har 2 mnd ferie. Ja ja - halvveis no! Oppdateringer fra vår ferie er på vei...Ha en fortsatt fin sommer.

Solveig sa...

Ser no ut som dåkke he hatt en kjekk ferie dåkke da! Syns det e kjekt med ferie ej. Fær gjort det en vil gjer, eller ikkje gjort det en ikkje vil gjer :-)