tirsdag 7. april 2009

Vasking.....


Det vart aldri nokon Fjørtoftstur på Lone og Bent denne helga... Dei måtte fint finne seg i å vere heime, ikkje noko særleg å dra på besøk med ei lita tuppe som stadig kastar opp.
Lone har sidan natt til fredag kasta opp med ujamne mellomrom... Ingen feber (som vi har merka, i alle fall), og omtrent null matlyst. Mandag trudde vi at det heile var over, men vart grundig lurt. Etter leggetid kasta ho opp i senga igjen, slik det vart fullt skift på både Lone og seng. Og kosebamsen...
Så får vi håpe at vi andre ikkje får det like grundig, om det no skulle vise seg at dette blir ei "sjuke-påske"...
Oppdatering på helga for oss andre, kjem etterkvart (-eller mellom to vaskemaskiner...)

2 kommentarer:

Siv sa...

Huff da, fått det skikkelig ho da? Veit ikkje ka so e verst og best, spying i fleire daga eller 40 i feber... Stakkars Lone, ho må no vere heilt kjempesliten, stakkar! Håpe det gjeng over snart da, ihvertfall!

Anonym sa...

husk og drikke og hand vask på alle
helst lit for myke eller lit for lite
Tante Åse