tirsdag 28. april 2009

Ei lita krise på gang...

Rett før helga tok tv'en til å fuske så smått. Litt trykking og av-og-på-slåing var heldigvis nok til å få tv'en på rett kjøl... Heilt til søndags føremiddag! Då ville den ikkje meir.. Ikkje ein gong dvd'en ville virke, slik at Oda fekk sjå Mamma mia-filmen sin..


Då vart det same krise-løysing som då lynet slo ut fjernsynet: pc-skjermen vart flytta til stua :-)
Heilt grei løysing, ein må berre sette seg litt nærare skjermen..
Men så er det det store spørsmålet... Skal vi reparere eller kjøpe nytt? Ny tv er bestemt det enklaste og kjekkaste, men skal ein kaste det gamle om det kan reparerast innanfor rimelege grenser?
Budsjettet tillet ikkje så store krumspring akkurat no, så kva skal vi velge? Tv i hus må vi i alle fall ha....
Så er det nokon som har ein rask diagnose å gi tv'en vår? Helst den som vi slepp billegast unna med?
Inntil vi tek ei sjefs-avgjerd, er vi komisk nærsynt når vi ser tv, og dessverre utan e-post (Vi gidd ikkje flytte skjermen fram og tilbake, og den berbare har ikkje e-post konto...). Men ungane får sjå barne-tv, Bent får sjå sporten, og eg Frustrerte Fruer... ;-)

3 kommentarer:

Randi sa...

Å huffa mej....he TV`n gått i knas!!!
Ja da er det nok krise i heime vil ej tru!! Ja det er ikkje stritt når alle 5 skal sete rundt ein dataskjerm å sjå tv:)))
Kjøp dokke ny Trine,tvila på at det lønner seg å rep den tv`n ej da...sorry! :o)Men en kan håpe!
I kveld er det Frustrerte Fruer da;)))Passa bra til ståda i stua no vil ej tru:-)))
Lykke til! Klem!!

Hege sa...

Men Trine da!! Det er da bare å legge inn e-posten i e-post-klienten på den bærbare maskinen så har du e-post der også!! Spør hvis du lurer på noe så kan vi jo hjelpe deg!
Angående TV'n så anbefaler jeg ny TV. Om du reparerer nå så går det ikke lenge før du må reparere igjen vet du! Nei, inn med flatskjerm, Trine!!!

Solveig sa...

Eg er heilt einig med Hege. Ny tv må på plass ;-) Men det kostar no ein heil del da... Men å reparere ein tv kan no fort koste meir enn det smakar det og. Ikkje lett dette, nei.