mandag 20. april 2009

Tur til Geiranger!

I helga var det møte og Minimesse i Byggfag-kjeden, denne gongen i Geiranger på Union Hotell.
Og då var Mamma Trine og Lone så heldige å få vere med :-) Oda hadde så mykje ho skulle vere med på her heime, at ho ikkje reiste. Her fekk ho selskap av Andrine også. Dette var mogleg, fordi super-tante Liv kom heim ein tur og var med ungane heile helga!! Ikkje så farleg å reise vekk når ein har ein slik stand-in!


Laurdag hadde eg og Lone litt tid før lunsj, den vart brukt til trilletur.
Idyllisk i Geiranger, ikkje sant?


Etter at papsen var ferdig med ein lang dag, ville han ut og lufte seg. Då vart det ein tur ned til sentrum.
Ørnesvingane på bildet i midten.

På laurdagskvelden traff vi på ein annan gjeng som også hadde opphald på hotellet :-)
Trur dei hadde ein fortreffeleg kveld...
(No er det ikkje lenge att til den store dagen, Trine!!)



Upps! Gløymde å snu biletet før eg lasta det ned på maskina!! Jaja... Dokke får legge hovudet litt på skakke ;-)
Lone var Queen of the Night både fredag og laurdag. Fekk vere oppe kjempelenge!! (Eller så var det mora som ikkje gadd å sitje på hotellrommet heile kvelden...)
Lone heldt ut ganske så lenge på kvelden. Men kven gjer vel ikkje det når ein får oppmerksomheit av nesten alle rundt seg, får vere midtpunkt og sole seg i glansen...!?!


Trur Lone synest det var greitt å ha mamman og pappan sin heilt for seg sjølv ei heil helg!
Men det var veldig kjekt å komme heim til dei to andre søstrene også.. Både for mamma og Lone ;-)




3 kommentarer:

Trine S sa...

Mange fine bilder og det er no berre så fint i Geiranger.

Takk til Bent for "bongen", fikk noko godt ut av den;-)

Lone e no berre so skjønn da, skjøna godt at ho fikk mykje oppmerksomheit.

Randi sa...

Heia tante T...
Ja sjå der ja,det var godt å sjå at dokke he hatt det kjekt,Å at dokke kom dokke litt heima frå å fått anna luft:)gjer seg det av og til!
Å sjå ho tuppelurå i sofan da:-))))ser ut som om det er fulgedansen ho trenar på:-))GØY! Ja klart ho fekk masse oppmerksomheit da,sånn er det når ein er ei SØT,BLID DOKKE med blanke runde kinn:-)
Å eg tenkje dei to tuppene som var heime og synst det var greit at dokke kom heim;) Ja du store,ho tanta Liv er no berre SUPER snill,stiller opp å styra i vei... ( eg veit du leser her Liv så berre ta det til deg,for det er heilt sant,du er snill og hjelpsom!!!)
Ser dokke snart her borte no da håper oss!!
Ha ein fin dag tante & co!!Masse klemmer tiol dokke!

Siv sa...

So fine dei va dei øverste bilda da! Dei må du ta med å vise på fotoklubb:)