tirsdag 21. april 2009

Utflukt til Lepsøya

Søndag reiste vi tidleg frå Geiranger, då det skulle vere familieutflukt og kor-avslutning på Lepsøya. Det var grilling og sosialt samver på Prestegarden, ein flott plass for ungane.

Veret var fint, men ein kald vind. Her er det mamma og Andrine som varmar seg litt på kvarandre.

Sjølv om det ikkje er sommartemperaturar enno, kryr det i alle fall av vårteikn. På Lepsøya fann Oda årets første marihøne!


Litt aktivitetar var det også tid til. Her er det dei vaksne som måtte i elden. Ikkje alltid like lett å lage ord når ein har bokstavar både på magen og på ryggen... ;-)


Dagens middag hadde vi på Prestegarden, grilla pølse!! Og så var der sjokoladekake til dessert. Andrine var stornøgd med menyen :-)


Må ha med eit bilete av Kongeskipet som låg i le av Hestøya då vi kom. Reiste akkurat då eg fann ut at eg skulle ta bilete... Skal tru om Kongen var der...?




2 kommentarer:

Solveig sa...

Det va no koselig på Lepsøya da. Kongen va nok ikkje ombord i skipet. En ta Lepsøyingane hadde sjekka reiseruta til kongen, og såg at han ikkje va ombord. Men båten va no fin den :-)

Anonym sa...

Hei der ute :o)
Såg ut som att dokke hadde d kosla på lepsøya da! :o) Å årets første marihøne? Ikkje værst...
He dokke plana før helga da?
Ej hadde tenkt å vere i byn, men då bli ej visst åleine. So ej tru ej reise utatt ;o)

Håpe alt stend bra tej me dokke! Tenke på dokke der ute! :o)

Stor klem frå
-Anette-