torsdag 9. april 2009

Oppdatering frå "sjukeheimen".....

I eit tidlegare innlegg spådde eg ei sjuke-påske, og dette ser ut til å slå til...

Etter eit døgn utan at nokon har kasta opp, var det på'an igjen. Torsdags morgon vakna både eg og Bent litt små-uggen.. Snart sat Bent på do, og eg kasta opp! (Brutalt ærleg, her ja..) Du verden kor hjelpelaus ein blir når begge vaksne blir sjuke samtidig :-(
Men litt ut på dagen kom Dada og hjalp oss litt, ho tok med seg Andrine og hadde henne i fleire timar! (kjekt med snille naboar :-) Oda fekk besøk av Margrethe (-dei måtte halde seg ute!), og vart med henne heim etterpå. Det vart ei sårt tiltrengt økt på sofaen medan Lone sov...

Så skulle ein no tru at det roa seg.. Men, neidå!! I skrivande stund har Lone kasta opp 1 gong, medan Andrine har "fylt" senga si 2 gongar....
Då står det berre att og vente på at Oda skal få det, og krysse alt vi har på at vi ikkje har smitta nokon andre....

Så får vi ynskje god betring til oss sjølve og fortsatt god påske til dokke andre...

1 kommentar:

Siv sa...

Nei å nei å nei, ditta e KJEDELIG!!! Heilt håplaust når begge vaksne går ned for telling, ja, og ikkje so greitt for andre å hjelpe til heller, for ditta e no so innmari smittsomt... Men Lone he no hatt det innmari lenge no!! Håper inderleg ho er flink å drikke innimellom! No håpe ej dåkke bli friske snart, og at Oda slepp onda!