mandag 13. april 2009

Så var påska over - heldigvis...

Overskrifta høyrdest litt trist ut, men akkurat no er vi glade for at påska er over og vi kan ta til på kvardagen igjen...
Vi har i kveld hatt ein spy-fri kveld (-forhåpentlegvis! Natta er enno lang...), men det blir nok heimedag på nokre av oss i morgon. Forma til Oda i morgon tidleg bestemmer om ho skal på skule eller ikkje. Dei to andre jentene skal få eit par dagar til å komme seg på.

Bent saknar at kaffien smakar godt, elles ser det ut til å sige rette vegen :-) Det er i alle fall kjekt å sjå at Lone har kome i form igjen. Og med stigande form, har interessa for å gå komme tilbake :-) Og idag har det vore fleire turar med gå-vogna, og fleire turar rundt bordet (for å sjå kva søstrene styrer med, det er så spennande...) Men å sleppe seg, det er fortsatt kjempeskummelt!!!

Lone i full rulle over golvet! Så då er det å passe på å snu henne når ho kjem til "endes"... Det er for skummelt å klare sjølv når ein berre står på to bein...

Tittitt alle saman - sjå kva eg kan! (Litt vågal , her ja ;-)

2 kommentarer:

Solveig sa...

Så bra at de er i stigande form igjen! De har hatt litt av ei påske! Så flink Lone er å gå med gåvogna si då! :-)

Randi sa...

Tit Tit Lone:-))
Å det er jammen godt å sjå at du er i bedre form no!Stakkars lite gull,du he jammen vore mykje sjuk...huff!
God klem frå tante Randi!