onsdag 15. april 2009

Nådestøtet...??

På mandag trudde vi at vi var på betringens veg, litt småeting og ingen spying... Men allereie nokre timar ut i tirsdagen var det nedtur att!!
Var det det siste nådestøtet som skulle settast inn!?!
Forhåpentlegvis...
Så tirsdagen gjekk med til å vaske endå meir oppkast.. Kle, handukar og 2 kjøkkenstolar.. Har gått over frå Domestos til Klorin på diverse utsatte plasser..
Men heldigvis var det også ein del soving.

Oda var oppe ei lita stund i 7-halv8 tida, men med berre nokre få økter med drikking, så søv ho til halv 5 (1630)!!!

Andrine var litt meir aktiv... Og hadde matlyst! Berre så synd at mesteparten kom opp att.. (Det er ho som får æra av at vi måtte demontere 2 kjøkkenstolar for vask .. ;-)
Og vi som har byrja å moe på smukke-avvenning.. Stort tilbakeskritt dette, dessverre :-(
Lone er heldigvis sprek. Og skal mest sannsynleg ta att all etinga ho har gått glipp av! Svolten i ett sett :-) Her er ho, mett og god, og klar for senga tirsdags kveld. Skal sjå ho snart blir "bollerund" igjen...
No håper vi berre på at dette var siste runde (- har sagt det tidlegare, ja...), og at det verkeleg var nådestøtet som traff oss tirsdag.
No skal det berre gå ein veg, og det er opp og fram! For no er vi litt lei og sliten av alt dette styret...


4 kommentarer:

Trine S sa...

Phu, for ei stri tørn dokke har hatt. Håpe det er nådestøtet som er satt inn no.
God bedring og måtte dokke fort kome dokke på føtene att.

Randi sa...

Heia på dokke alle 5!
Neeei men du store verden,sjå på dei tre verden søtaste dokkene våre!!Huffa mej,tante skulle ha vore der å kooooosa og trøsta ser ej..sukk!!
Så Oda,Andrine no vil oss ALLE at dokke skal bli friske!!
Å sjå ho dokke LONE...sukk sukk...synst ej kjenne Lano lukta heilt hit,ny bada og SUPER SØT!!!!Jammen godt at ho har fått at matlysta da...å at ho blir bolle rund igjen er berre heil max;))
God bedring til dokke,å ej håpe at neste innlegg er bilde av 3 ungar i rakett fart( ja å foreldrene og :-)))!!!
God klem frå oss på Granly!

Ravnestad sa...

Jeg har bare èn ting å si Trine: STAKKARS DERE!! Dette unner man jo ikke sin verste fiende engang!! Jeg krysser fingre og tær for at dere kommer dere på bena nå og blir friske igjen!! Har ikke dere snart hatt sykdomskvoten deres for 2009!!??

trineb sa...

Jau, Hege... No har vi ikkje tenkt å bli sjuke før langt ut i 2010!!!!