søndag 2. januar 2011

Førjulstid

No er faktisk jula over, og vi er på veg inn i 2011..
Då er det vel på tide med ei lita oppsummering :-)

Sidan både jula, og ikkje minst førjulstida, har vore litt hektisk, måtte eg inn på data'en for å få bekrefta kva vi har gjort på desse vekene. Heldigvis, sjølv om dagane fyk, er ikkje kameraet langt unna!

Har også teke ein liten "oppvask" for meg sjølv denne jula.. Synest at det blir for mykje kav og styr i kvardagen, at jula og kosen rundt, heilt blir vekke.. Har blitt fortalt at eg må senke krava, men kva blir att når eg må senke krava litt for kvart år?!? Kan no ikkje kutte ut alt heller - kvar blir førjulskosen av då!!

Neida, ikkje har eg baka, og ikkje har eg vaska.. Ikkje har eg lese julehistorier for ungane, eller klart å fått med meg Jul på Månetoppen (flott anledning til å få seg ein liten høneblund..) Ikkje har eg sett meg ned for å høyre på julemusikk og drikke gløgg, eller skrive julebrev/personleg julehelsing på dei ferdigtrykte julekorta...

No kan vel kanskje nokon seie at dette er berre tull, at ein ikkje treng å ha gjennomført alt dette. Men for meg er dette litt av det å komme i stemning, skape forventning.. Og ikkje minst, eg ynskjer å skape ei førjulsstemning for ungane!

Og kva når ein dødssliten er nokonlunde klar med pinnekjøt og juleduk, og så fortsetter romjula i same leia..

Spørs om ikkje eg blir å finne i litt varmare strøk, om litt under eit år....



MEN over til oppsummeringa mi..
Har heldigvis funne ut at noko har blitt gjort lell, sjølv om eg ikkje kan skryte på meg at familieidyllen har vore på topp heile tida  ;-)



Vi har baka pepperkaker - av kjøpedeig! Den første deiga vart ikkje godkjend av Oda, så vi måtte prøve ein gong til.. Ikkje særleg god den heller.. Men vi har kjevla og trykt, og pynta med melis og non-stop.
Tilslutt vart også pepperkaketoget vårt ferdig! Sjefs-ingeniøren snubla litt i talet på delar iår, så det vart berre med to vogner.. (Skal vere tre: lokomotivet er mitt og Bent sitt, og så har ungane kvar si vogn.. Iår fekk Oda vere lokomotiv..) Vi får også ta med at toget vart sett saman og pynta i romjula..


Og så fekk vi plass til nokre sjukedagar også såklart...
Lone klarte å kaste opp på det eine stue-teppet vårt, og vi har enno ikkje hatt tid til å rense det ferdig..
Er det ikkje salg i januar, tru?


Kvart år har ungane laga julepynt som vi merkar med namn og årstal. I år vart det vintage-hjerter frå Panduro. Sjølv om vi måtte ta det att i to omgonger, var dei greie å lage, og resultatet vart kjempeflott!


Trudde at vi skulle få tid til å lage julekort som vi kunne sende til dei næraste i familien, men det slo eg fort frå meg. Men Oda og Andrine fekk no i alle fall prøvd seg litt, og laga nokre kort som dei sende med julegåvene til venninnene sine :-)


Lille-julaftan tok vi fatt i konglene som jentene plukka på Fjørtofta saman med Tante Randi. Dei låg eit par veker til tørk på varmekablane på gangen, og litt framfor omnen på stua.. Til slutt fekk dei rette forma :-)


Då var det fram med glitterpenn og finmotorikk! Heldigvis kom Tante Liv opp og lånte oss eit par hender. Dette likte alle jentene, og no ligg dei flott i ein glasvase som julepynt (Har dessverre gløymt å ta bilete av det ferdige produktet- kjempefine, kan anbefalast!)


Fortsettelse følger...  :-)

4 kommentarer:

Stine sa...

Trur du har fått gjort meir enn du tenkte likevel eg, sjølv om det av og til virker som "styr". Mange flotte bilder - gler oss til fortsettelsen!

Solveig sa...

Førjulstida blir ofte meir hektisk enn ein har lyst til. Med jobb der det går i "det same julestyret" i mange veker før og, så blir det nok litt mykje av og til. Får satse på at feriedagane har fungert litt som opplading, og at 2011 blir fyllt av berre kjekke ting og tang ;-) ps. Her har vi ikkje baka pepperkake-noko-som-helst, ikkje laga julepynt, og ikkje laga flotte julekort. Men jula kom den, og det var koseleg nok det! :-) Godt nytt år!

Ravnestad sa...

Sukk!! Jeg har ikke følt med stresset i det hele tatt men har heller ingen krav til noe som MÅ gjøres før jul. Det vil si; vi har spilt julemusikk og drukket gløgg! Julekortene er laget på data og er lite personlig, julepynt har vi ihvertfall IKKE laget!! Julebakst? Tja, noen kjeks og noen havremakroner kan vel knapt kalles julebakst for den var oppspist nesten før den kom i boksene. MEN: jula kom og vi har storkost oss!! NÅ er vi alle klare til å ta fatt på hverdagen igjen med proppfulle batteri!! For min del vet jeg at det blir litt rotterace nå før 20. januar pga karakteroppgjør men alt man VET om på forhånd kan man håndtere. Verre med alt som dukker opp underveis...
La oss håpe på et rolig og GODT 2011, Trine!

Randi sa...

HOI......ja eg må seie at dokker har no jammen vore kjempe flinke da,full rulle rett føre jul!! Men jammen er det kos og kjekt og med sånne sammlinger rundt bordet å få laga ting og tang:))) Håper dokker får tid til fleire gonger!!
Ja men det er no kjekt å sjå at dei brukte konglene da....Dei plukka so ivrigt i posen,det var stas vettu!!:)) Sikker på at det vart fint ja!Dokker er flinke!
Håper dokker får eit fint og godt 2011 alle sammen der borte!!
Klem!