Lone har hatt augebetennelse og øyreverk i tillegg til forkjølelse..
Andrine har hatt eit snev av augebetennelse, mellomøyrebetennelse, og blemmer på trommehinna (!)..
Vi andre har berre hatt noko "små-rusk" ;-)
Det har med andre ord ikkje vore så mykje "ute-liv" på oss denne veka, men enkelte har ikkje vore arbeidslaus av den grunn.. Dette klarer ein driftig 2-åring å utføre medan mor er i dusjen! :-)
Lone er faktisk van med å få i seg maten sjølv, men denne gongen vart konsistensen litt for rennande ;-) Gøy var det, lell!
1 kommentar:
Rart kor dei klarer å rote så innmari mykje på så kort tid. Her i huset har vi også skranta litt denne veka. Malin fekk feber på mandag så ho var heime fra skulen resten av veka. Hannah fekk auge-betendelse, øyreverk og litt feber veka før, og augebetendelsen fekk Celine på laurdag. Så vi har dryppa salve og stappa inn nesespray i hytt og pine. MEN vi var alle oppgåendes og noenlunde friske på 17. mai, glad for det.
Legg inn en kommentar