I år vart det ikkje så mange bilete frå aktivitetane på 17. mai, av den grunn at mor stod store delar av tida og selte kaker, og med ansvaret for alle 3 ungane, tok det ei stund før far huska på at han hadde kamera ;-)
Tradisjonen tru er Familien Otterlei Austnes seint ute til toget... I år var det berre 2 bunader som skulle på, sidan mor hadde "kjøkken-teneste", og Oda har blitt for stor til sin... Men likevel så er det litt arbeid å ha på finstasen. I tillegg ville ikkje Lone sove på kommando.. Men vi fekk "hive" oss innpå ved Shell, såpass gnagsåra fekk byrje å gjere seg gjeldane :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar