Har hatt nokre bilete frå ein flott tur til Haram og Stavneset, liggjande...
Sjølvv om turen var den 27. februar, synest eg at dei var for fine til at dei berre skulle liggje på data'en ;-)
Så her kjem dei!
Vi heldt oss lite til råsa, men gjekk litt hit og dit, klatra på steiner, og rusla i fjøra.. Det vart nok mange steg for småe føter den dagen ;-)
Og så måtte vi sjølvsagt sette oss ned og studere bårene ( - og ete litt kjeks..)
Fekk nokre båre-bilete eg må prøve å arbeide litt meir med..
Spennande å ta bilete av båra!
Litt skryt må familien min få, som tolmodig er med meg på tur, der eg heile tida knipser og maser, og av og til går mine eigne vegar... Smiler til meg også, gjer dei ;-)
Eg og Oda rusla dei siste metrane bort til Stavneset for å skrive oss i boka, medan resten av gjengen tok den siste kjeks-pausa. Utruleg kor langt ein kan gå på eit par pakkar kjeks, altså!
Sjekk det nydlege bilete av Lone som nyt vår-sola..
Snart vår!!
3 kommentarer:
Heia til fam.Otterlei Austnes!
Jepp Jepp.....det snør det snør :o)
Nok no ja.....puh!! Håper våren kjem for fullt SNART no!!
Mykje fine bilde du har tatt,so klart du må vise dei!!
Ja men om du serverer gode kjeks so kan en nok gå langt for å smake dei( lokkemat)...hihi;))
Ja men eg må no seie at jammen er der mange fine bilder lenge nede på sida her og,flink du!!
Håpe dokke fer ein frisk og fin veke no da alle!!
Klem frå tanta litt lengre nord!:)
Utrulig fine bilde, Trine! Ej e i ei anti-fotograferingsperiode, og den he vart veeldig lenge no... He ikkje røyvd kameraet på det ej kan huske. Derfor bli det lite blogging mæ. Ej synest bårebilda dine va kjempeflotte ej! Du he no fått me bevegelsen og alt, uten at det vart uklart. Kjempebra:)
Åhhh, kjempeflotte bilder! Har så og seie aldri gått på tur dit ut, så spørs om det må bli et mål for våren.
Legg inn en kommentar