mandag 7. februar 2011

Nyttårsaftan 2010

I år skulle vi feire Nyttår heime på Haramsøya, for første gong på lenge..
(Andrine veit vel ikkje om anna enn nyttårsfeiring på Fjørtofta)


Kvelden hadde (heldigvis ?) ikkje så mykje action som Julekvelden.
Vi tok det med ro, sløva litt, åt mat, såg fjernsyn, åt litt meir mat...  Heldigvis kom Farmor og Onkel Nils og heldt oss med selskap :-)


Kvelden vart nok litt langdryg for dei som absolutt skulle vere oppe til midnatt, men dei heldt ut.
Lone underheldt oss med litt sang og musikk, og korta ned ventetida med det ;-)


Og så endeleg kunne vi gå ut og prøve å skyte opp dei stakkars rakettane vi hadde.. I vind og sludd vart det berre sånn passe stemning, men vi fekk no gjort det i alle fall :-))

Heldigvis var vi ferdige før tolv, så då sette vi oss i bilen, køyrde ned på vegen, og fekk sett litt fleire rakettar der.. Og det var mange flotte rakettar rundt omkring, trass veret!
Og det viktigaste av alt, - vi var varme og tørre..  ;-)

Ingen kommentarer: