søndag 30. november 2008



Her har vi Oda, som vart skulejente no i august -08. Kjekk jente med sans for duppedittar og dilldall.. Til mors store fortvilelse! Plutseleg har ho flytta heile arsenalet sitt med vesker, kasser og plastposer enten ut på gangen eller i ei ledig krå på stua!! Og der blir det gjerne verande eit par dagar, for det er så utruleg viktig det ho held på med... Der kan ho sitje med småe lappar, skriblande i ei notisbok eller å leggje utover småting, mest sannsynleg i eit system med mål og meining...

Sjølv om ho av og til synest at småsøstre kan vere utruleg travle, er ho kjempeflink til å ta seg av dei. Innimellom litt krangling, er ho raus med storesøster-klemmane :)

Så bra at du er store-jenta mi, Oda!

Ingen kommentarer: