tirsdag 26. januar 2010

Skitur

Kom fram til at den einaste "organiserte" skituren, der heile familien Ottaus var med, måtte dokumenterast...

Turen gjekk til naboøya. Lengre treng ein ikkje dra for å finne flott oppkøyrde løyper og flott turterreng :-)
Litt spente var vi nok... Med 2 små og 2 store urutinerte skigåarar, og ei på akebrett som eigentleg skulle sove, kunne dette ende katastrofalt..!!

Vi parkerte ved gravplassen på Longva, og spende på oss skia. Målet var løypa over Midt-Remma. Størst spenning låg det vel helst hos Andrine, om ho skulle klare å fullføre. Skikarriera ifjor vart kort pga ein fot som berre ville "skråe" ut når ho fekk på seg ski (-litt trasig å gå med ski som berre kryssar seg bak..). Men etter både røngten og besøk hos fysio, vart vi "friskmeldt"og klar for ein ny ski-sesong. No satsa vi på at skikkelege løyper skulle gjere susen :-)

Andrine var nok ikkje heilt enig dei første hundre meterane, men kom etterkvart i siget. Oda gjekk som ho ikkje skulle ha gjort anna! Vi vaksne var vel glade for at vi for det meste var åleine i løypa ;-)

Etter ei god kjeks-og-saft-pause ved den flotte gapahuken, snudde Bent og Lone for å hente bilen, medan største-jentene tok sikte på Gamleskulen på Rogne. Enkelte synest det var godt å få av seg skia og sette seg i bilen når vi kom fram.. :-)


Lengda på turen var vel kanskje ikkje så imponerande, men når ein tenkjer på utgangspunktet, lyt vi seie oss nøgde likevel...

5 kommentarer:

Siv sa...

Haha, innmari god til å skrive du, Trine! Og det e omtrent som om det e oss so sku ha vør på tur. Akkurat slik e det her i heimen mæ, men som regel med litt meir skjer i sjøen enn ditta;)

julianne sa...

Synest dåkke e flinke ej!!! Viktigast å komme seg ut iallfall!!!

Anonym sa...

Treng ikkje gå so langt før å få en fin tur ;o) Å so lenge en he kjeks å nokke gøtt å drikke so jenge vel alt ;o)
Dokke he vør flinke :o)

Stine sa...

Så kjekt med heile familien på tur da! Vi har gjort det "enkelt" i år og latt Celine bli igjen heime med enten mamma'n eller pappa'n. Ho HATER snø visst nok. Ja ja - det er godt dåkke hadde en fin tur.

Hege sa...

Det er en respektabel tur det der da Trine! Man tenker den veien litt kortere enn den egentlig er... Det er liksom kunsten å komme seg gjennom "dørstokkmila" synes jeg. Når man først har kommet seg ut så er det som regel kjempekjekt, uansett lengde og mål!