søndag 31. januar 2010

Filmkonsert!

Idag har vi vore så heldige å få vere med på "Filmkonsert" i regi av Haramsøy Skulekorps, med blant anna Skulekoret som medverkande gjestar.
Oda er med i skulekoret, og vi har hatt ei i hus som har gledd seg lenge. Temaet var film og musikaler, så derfor måtte vi leite fram litt glitter og stas/fjas.

Her er film-divaen vår rett før vi måtte suse avgarde til konsert, med sølv-tights og glitterspray i håret ;-)
Med på biletet var "dessverre" ikkje fjør-boaen, som var innkjøpt til anledninga.. Den fekk mor trua på til konserten, men sidan den klødde slik, "forsvann" den i løpet av pausa ;-)
(Beklager den fargerike bakgrunnen, tenkte ikkje under tidspress..)
Sjølv om vi eigentleg var tidleg ute, fekk vi plass heilt bakerst.. Og slike avstander takler ikkje mitt super-kamera :-(
Så det blir nokre avstand-bilete utan blits..
Bileta klarer uansett ikkje å formidle kor utruleg bra denne konserten var!! Eg tek av meg hatten for alle involverte, både på og utanfor scena! Supert korps, flinke solistar og eit sjarmerande Skulekor - kan det bli betre?
Eg kan gjerne tenkje meg å oppleve denne konserten ein gong til :-)

Alle arrangement med respekt for seg sjølv, har pauser med lynutlodning og kakesal.
Fotograf på det første biletet er Andrea 3 år, det andre viser Lone - som brukar alle hjelpemiddel for å få i seg sjokoladekaka ;-)

Til slutt: er der nokon som har eit betre bilete av Skulekoret enn det eg har? Då hadde eg blitt svært glad :-)) Hadde vore kjekt å hatt eit bilete av gjengen i action...
Send på mail!!

4 kommentarer:

Siv sa...

Desverre, Trine. Mitt kamera takla heller ikkje den lange avstanden, så det vart heller lite bilde... Men enig i at eg skulle gjerne ha fått oppleve denne konserten ein gong til, for den var innmari bra!!

Stine sa...

Eg trur eg har nokre bra bilder. Har ikkje lasta dei inn på maskina ennå. Men eg tok MANGE bilder! Nytt kamera veit du...hihi.

Randi sa...

WOW WOW,den super tøffe jenta Oda da,knall stilig!!!
Ja s....der skulle en ha vore å haurt på ja :o)!!!Ej vil tru at det var kjempe bra !!
Seie frå neste gong da Trine !!!!
Stå på Oda,du er flink!!
Klem frå tante R...

HEGE sa...

Ja det var ergelig å være på reise denne helga når barneskulekoret skulle ha konsert. Jeg har vært med på endel øvinger og sett hvilken progresjon det har vært så jeg skulle så gjerne ha vært der på finalen, men det gikk ikke denne gangen... Jeg er grådig imponert over engasjementet hos alle foreldrene også jeg med kostymer i alle bauger og kanter! Og så engelsk-uttalen til ungene da!!Rått!!