søndag 10. januar 2010

Jula 2009

Har ein del bilete frå jula som eg må prøve å blogge, reknar med det er nokon heime (les: Fjørtofta :-)) som er interessert i å sjå... :-)



1. juledag måtte vi ut å lufte oss i fineveret, og målet var Ulla Fyr.
Kulden hadde allereie innteke Sunnmøre, så det vart ein "frisk" tur.

Litt "dansing" måtte til for å halde varmen..


Vi våga oss over brua for å møte geitene...
Ikkje alle er like glade i dei!!
Vi treng nok turar til med tillvenning, ja :-)


Vi fekk etterkvart følgje av fam. Milic. Og det var ganske lurt, for dei hadde med kakao ;-)
Så etter ein rask rast på "rette" sida av brua, fann vi det lurast å snu heim, dog med friske roser i kinna.

Ingen kommentarer: