søndag 31. januar 2010

15 meter lang ski-karriere..

Med nytt snøfall var det på tide med ski-trening igjen...
Lone er, på lik linje med resten av familien, ingen ivrig skigåar.. Men på laurdag tok ho sjølv initiativet til å ha på seg ski!

Med tunga beint i munnen og oppmuntrande tilrop frå fotografen, la ho i veg med godt mot. Ikkje det store tempoet, men det bar framover :-) Og fort kunne det ikkje gå... Reve-figuren som er avbilda på skia (Den såkalla "Brummen"), kunne ikkje få snø på seg!! Så for kvar meter måtte vi stoppe og koste skia... Håper det ikkje blir ein vane.....



Men brått var tolmodet over... Raskt rekna etter omlag 15 meter...
Vi kallar det ein god start ;-)

3 kommentarer:

Siv sa...

Der drog ej på smilebandet ja;) hihi

Randi sa...

Heia på dokke !!
Nei men,ha du sett...såååå søt og sjarmerande ho ytuppå der er da!!
Å so flink,tenk å gå 15 meter på ski !!! Meir en det ej hadde klart tenk !!! Flink pie !!! Heia Lone!!
Men jammen ta flira ej litt da,men mest av teksten rundt,ja å litt ansiktsutrykka på Lone:-)))
Stå på!!
Klem frå tante R...

Hege sa...

Alle store stjerner har startet i det små engang! 15 meter er vel en anstendig avstand for ei lita Lone!? Det synes ihvertfall jeg! Flink er hun!!