Idag har vi vore så heldige å få vere med på "Filmkonsert" i regi av Haramsøy Skulekorps, med blant anna Skulekoret som medverkande gjestar.
Oda er med i skulekoret, og vi har hatt ei i hus som har gledd seg lenge. Temaet var film og musikaler, så derfor måtte vi leite fram litt glitter og stas/fjas.

Her er film-divaen vår rett før vi måtte suse avgarde til konsert, med sølv-tights og glitterspray i håret ;-)
Med på biletet var "dessverre" ikkje fjør-boaen, som var innkjøpt til anledninga.. Den fekk mor trua på til konserten, men sidan den klødde slik, "forsvann" den i løpet av pausa ;-)
(Beklager den fargerike bakgrunnen, tenkte ikkje under tidspress..)

Sjølv om vi eigentleg var tidleg ute, fekk vi plass heilt bakerst.. Og slike avstander takler ikkje mitt super-kamera :-(
Så det blir nokre avstand-bilete utan blits..
Bileta klarer uansett ikkje å formidle kor utruleg bra denne konserten var!! Eg tek av meg hatten for alle involverte, både på og utanfor scena! Supert korps, flinke solistar og eit sjarmerande Skulekor - kan det bli betre?
Eg kan gjerne tenkje meg å oppleve denne konserten ein gong til :-)

Alle arrangement med respekt for seg sjølv, har pauser med lynutlodning og kakesal.
Fotograf på det første biletet er Andrea 3 år, det andre viser Lone - som brukar alle hjelpemiddel for å få i seg sjokoladekaka ;-)
Til slutt: er der nokon som har eit betre bilete av Skulekoret enn det eg har? Då hadde eg blitt svært glad :-)) Hadde vore kjekt å hatt eit bilete av gjengen i action...
Send på mail!!