tirsdag 23. august 2011

Sommerferien 2011

Laurdag 16. juli, dag 8, og tid for storby-tur!


Laurdagen bestemte vi oss for å bruke til å besøke Hovedstaden -og dette med tog!
Ingen av oss er vane med å reise med tog, så det vart ein ekstra spennande tur.

Etter litt fram og tilbake, for å finne rett togstasjon og ein parkeringsplass, kunne vi unne oss ein liten frokost nr. 2.


Toget hadde to etasjer, og vi tok sikte på topp-etasjen for å få best mogleg utsikt.
Sidan vi var ein gjeng på 14 stk, fekk vi ikkje sitje ilag. Men etterkvart som andre passasjerar gjekk av, fekk vi flytta litt på oss  :-)


Vi har peila oss inn på gå-gata, og allereie starta shoppinga!!  ;-)


På veg mot Gamlebyen.


Hmmm...
Kunne ikkje gå forbi dette utan å forevige det!


Etter ei stund med trasking, vart dette resultatet...


Det var visst fleire som tok til å bli slitne og svoltne, så mat vart STERKT vurdert..     ;-)


Definitivt på tide med mat, ja!!    :-))


Vi fann oss ein restaurant, og fekk bestilt - MEN KVAR VART MATEN AV!!
(Kanskje ikkje så lett å skulle severe 13 stk (Lone sov..) samtidig, men ein times venting vart i leeeengste laget!)


Endeleg vart det mat, sjølv om ungane ikkje var særleg begeistra for restaurant-hamburgeren..


Gamlebyen var utruleg flott, og vi tek gjerne ei runde til der ved eit seinare høve.


Ei runde ved Slottet er sjølvsagt obligatorisk.
Denne gongen vart det ikkje prioritert å ta ei runde på "innsida", ikkje vits  å tøye strikken til ungane for langt  ;-)


Ikkje alltid det er like kjekt å posere på kommando!


Litt meir slott...


Og så det som ungane synest er det kjekkaste, nemleg å gå på oppdagingsferd på deira premisser..

:-)


Stockholm har mange fine torg og småparkar, også utanfor Gamlebyen.


Litt "æksjen"      ;-)


Heldigvis fann vi det rette toget som tok oss tilbake til Ørebro..


På heimveg fekk vi ikkje sitje i same vogn i starten. Men då tok vi berre å plasserte Andrine i vogna hos Familien Otterlei/Fjørtoft, slik at ho kunne halde dei med godt prat i dei vel 2 timane turen varte ;-)
(Då vart det ein liten høneblund på oss andre, hihi..)

Stockholm skal absolutt besøkast igjen, då med litt meir "førehands-kunnskap" innabords.
Har funne ut at ein får mykje meir ut av ein slik tur om ein kan litt på førehand. Neste gong ynskjer vi oss også eit par grader varmare i veret...

2 kommentarer:

Stine sa...

Er så kjekt å lese oppdateringene fra ferien som kjem på løpendes band her! Du er kjempeflink. Eg venter på nytt batteri på PC'n heime. Kjekt å besøke Stockholm, sjølv om ungane sikkert nok hadde kosa seg meir på campingen. Greit å krysse av hovedstaden på lista over plasser besøkt!

Randi sa...

Heia Trine & co !:)

HOI.....ja her er det mange fine,artige bilder frå ferieturen dokka!:) Kjekt å sjå!
Men igjen Trine. Atter ein gong må eg seie at eg vil heilt sikkert tru og meine at dokker hadde nok hatt det like kjekt,og vel så det i Lidkøping med denne gjengen som dokker var her!:) Passer MYKJE bedre der for ungar,ja å vaksne og;)))Å eg snakker av meget god erfaring:))) Etter mange år i Ørebro,og etter enda fleire år i Lidkøping så er valget enkelt !:)) Å mykje kortare å kjøyre!:) Ja.Ja.....men det blir neste år det ;))
Håper oss sjåast snart!
Klemmer herfrå !:)