søndag 21. august 2011

Sommerferien 2011

Dag 7 av ferien, fredag 15. juni, starta på ingen måte bra...


For det første så hadde Lone fått besøk av nokre ugreie svenske-baseluskar...  Men etter eit par runder med spy-bøtta (for anledninga vaskebøtta), var ho klar for å prøve seg på litt frokost.

For det andre så hadde det regna litt om natta, og vi oppdaga ei førstegongs-camper-tabbe når vi kom ut i forteltet...
Teltduken hadde ikkje vore skikkeleg bretta på den eine sida av vogna, så gjennom natta hadde det komt inn vatn som hadde danna ei fin lita "pøyte" i forteltet  :-(     Heldigvis var det ikkje verre at vi fekk leda vatnet ut av preseninga, og tørka opp i løpet av dagen.

Men det vart litt hektisk i morgontimane, med både spying og "vannlekasje"  ;-)



Etter at vi hadde komt oss til hektene igjen, var vi klare for leikeland! 
Eit leikeland på 7000 m2, som inneheldt det meste...


Full rulle i sklia!
Kven skulle tru at Lone tidlegare på dag hadde kasta opp!?


Gjengen ned stor-sklia.


Bent har hamna i ballbassenget :-)


Trampoliner er alltid populært!


Lone viser fram bandet ungane måtte ha på seg. Viste at vi hadde betalt, og kor lenge vi fekk vere der  ;-)
(Trur vi fekk vere der i rundt 3 timar, og det var vel eigentleg nok: ungane var slitne!)


  Utan mat og drikke...


Før dette biletet, skulle det kome eit bilete av jente-gjengen som heiv seg på ei runde med Lazergame. Men det vart noko tull med nedlastinga, så det kom dessverre ikkje med...
Men det viktigaste biletet kom med likevel, nemleg at det raude laget vann!! 
Godt fornøgd, eller  ;-)

(Skal prøve å få det med på slutten av innlegget)


Her er eine "gutte-gjengen" som poserer før dyst.
Attitude er viktig   :-)



Lone fekk lurt med seg mamma'n opp i klatre-avdelinga.
Og mamma'n vart både sveitt og tørst...


Nokon som tek til å bli lei, eller  ??     ;-)


Kvilepause...


..... før det vart ei ny runde!


Lone og pappa'n oppe i sjørøverskipet...


Men litt utsatt var dei, for rundt stod vi andre og skaut på dei med ballkanoner! Hihi...


Ei runde med trøsykkel måtte også til før vi drog heim.


Jentene som poserer på halen av ein dinosaur, utanfor leikelandet.


Denne kvelden var det Lone som fekk oppfylt middagsønsket sitt, nemleg MAKARONI



Må på slutten få med biletet av jentene som prøvde seg på Lazergame.
Advarte på førehand at dette kom eg til å ta seriøst...   Heia Raud!!!!!

1 kommentar:

Anonym sa...

Heisann. Jammen va det kjekt å sjå alle bilda, og lese dei artige komentarane. Fortsett med det ;-) PS. Om du ikkje ser at ej komentera det du skriv, so e ej no innpå her å sjekka om det e nokke nytt. Bror ;-)