onsdag 10. august 2011

Sommerferien 2011

I Sommerferien 2011, skulle vi for første gong feriere med eiga campingvogn! Vi allierte oss med eit par andre "førstegongs-camperar", og tok sikte på å finne sommaren i Ørebro i Sverige.


Det heldt vel på å skjere seg allereie før vi reiste..  Det som skulle vere ein enkel feriesjekk av bilen, pluss montering av slepekrok (-vi måtte no ha noko å drage vogna med!), enda med å oppdage flust med småmangler på bilen :-(
Og skulle vi reparere det som burde reparerast før vi drog på langtur, ville ikkje bilen bli ferdig til planlagt avreise...

Hmmm, då var dei gode råda dyre....
Enden på visa var at vi selde go'bilen (Ja, den er fortsatt betre likt enn ny-bilen!), og kjøpte ny bil, dagen før vi reiste!  

Ein dag etter planen, var vi heldigvis på veg  :-)



Første stopp var Mageli Camping, der Familien Fjørtoft allereie var innlosjert.
Etter ei natt på campingen der, sette vi nasen mot svenskegrensa.  Men først tok vi oss tida til å nyte litt sol og aktivitetar på Mageli.


Ivar var kaptein på trøbåten :-)
Først fekk Oda og Malin prøve seg..


Så ville Andrine og Hannah prøve..


Og det gjekk no bra :-)


Forutan trampolina som var populær, fekk vi også helse på kaninene.


Spennande å mate dei med løvetannblad.


Vi sende Familien Fjørtoft først avgarde, slik at dei kunne legge løypa for oss som kom etter (Vart nokre tekstmeldingar etter kvart ;-)


Men på grensa hadde vi allereie teke dei att ;-))

Rakk akkurat å handle litt godteri på Godtebiten før stengetid!

1 kommentar:

Stine sa...

Vil ha meir ferie eg no når du begynner å skrive om den! Gler meg til fortsettelsen!