tirsdag 13. juli 2010

Veka som gjekk.. Del 1

Sjølv om det er ferie, så går dagane skrekkeleg fort... Men her er i alle fall ein smakebit på det vi gjorde i veka som gjekk :-)

Veka starta kjekt, med Brattvåg-besøk av Anne og Silje :-)
Lone og Andrine vart sendt i bhg, så store-jentene fekk kvalitetstid, heilt for seg sjølve (Og mamsane fekk sitje i fred og preike... ;-)



Det er kjempe-stas når dei minste får vere med på leiken av store-jentene.. Her er det Malin og Oda som har sminka "to tindrane lys" - gjett om dei var medgjerlege under denne seansen!!
Elles går det i Top Model-teikning hos store-jentene for tida. Og begge to fekk seg nye Top Model bøker under by-turer i veka som gjekk. Greitt med sommer-syssel! ;-)




Det har ikkje vore så mange solnedganger å foreviga til no i sommar...
Men ein kveld så var der eit "potensiale"....
Fotografen var berre så altfor seint ute :-(


Lone protesterer på det meste for tida... Blant anna er det protestar på å gå på badet for kvelden. Då er det greitt med avtalar, som til dømes å kunne få ringe til Mormor og Morfar etter at pysjen er på...
Veit ikkje om dei i andre enden forstår alt, då men. I alle fall ikkje når ein skal vise fram både ting og seg sjølv gjennom telefonen ;-))




Veret kan ein vel trygt seie er skiftande for tida.
Sol og varme blir avløyst av det ein kan tru er haust-stormar...
Etter ei slik "ruske-bye", kom eg til at det kunne vere greitt å forevige litt av det som veks i parken (!) oppe i Nyhammer.
Del 2 kjem ved eit seinare høve...


3 kommentarer:

Siv sa...

Ojoj, du e no reine skjære naturfotografen du, Trine!!! Knallfint det med humla!! Ej set her og e so lei av veret no, at det e like før ej reise til Vigra og hiv mej på første ledige fly... Set og moa mej på å fare ut og redde inn restane av uteblomstrane mine....

HEGE sa...

Ååååå!!! Tenk deg den collagen der stor på veggen da!!! Driiiiitstilig, Trine!

Solveig sa...

Kjempefine bilde overalt her. Blomstercollagen va knallfin. Den ha gjort sej som plakat :) berre sjå på eurofoto.no!