fredag 23. juli 2010

Fjørtoftsdagar

Eg og ungane har hatt eit par dagar på Fjørtofta medan pappa Bent har jobba.
Der har vi kosa oss på Hotell Midtun, mor har fått kvilt seg, og ungane har hatt kvalitetstid med Mormor og Morfar :-)


Første dagen vi var i fjøra, var det ikkje badever.. Sjølv om Oda prøvde som best ho kunne å mane fram sola ;-)


Heldigvis hugsa vi å ta med oss syklane, og betre sykkelvegar enn på Fjørtofta skal du vel leite lenge etter! Andrine tok runda ned og opp vegen uttalelege gongar, og eg og Oda måtte ha oss nokre runder rundt Sørgard.
Og så hadde Morfar tid til å ta litt "shinings" på syklane, trur ikkje det har vore gjort før i år, nei ;-)
...
Fortsettelse fylgjer...

2 kommentarer:

Anonym sa...

Flottebilder, og fine komentarer... fortsett med det, og ta gjerne fleire dager heime på Fjrtofta;-)))
mvh.
Bror`n.

trineb sa...

Hei Bror!
Kjekt du skriv kommentar - fortsett med det :-)