mandag 5. juli 2010

Endeleg sommar!

Endeleg har vi fått kjenne på sommaren her på Sunnmøre også :-)
Til og med var det helg når fineveret "sveipa" over oss! Og sidan vi no har fått leita fram sommarklea, tek vi gjerne fleire slike dagar.

Her kjem ei lita oppsummering av helga, litt hulter til bulter; menmen... ;-)

Sol og varme tilseier at ein kan gå med lite kle.. Og då må ein nytte høvet til å starte med "truse-trening"! Lone er nok ikkje heilt gira enno, det er tryggast med bleien! Ikkje kjekt å tisse seg ut i det heile tatt..
Men "opp-backinga" er det ikkje noko å seie på, i alle fall ;-) Viktig med heia-gjeng!


Både telt og basseng fekk plass på plenen denne helga, og verandaen var full av leiker, pledd og puter. Kjekt når ein gå ut og inn gjennom åpne dører, utan skor! Og lunsjen blir sjølvsagt fortært utandørs.

Vi hadde planer om å komme oss på stranda i løpet av laurdagen, men sidan vi hadde det så fint heime i hagen, vart det ikkje noko av..
Men dei to badenymfene hadde det kjekt likevel :-)


Lone - med eit av påfunna sine..
Snakk om oppkome!!



Når det er så bra ver, kan ein ikkje kaste vekk tida med å ete inne. Omtrent alle måltida, utanom frokost og kvelds, vart etne ute.
Noko som "Måse-Lars" også oppdaga etterkvart. Det vart nokre godbitar på han også... ;-)




Og her er eit lite Lone-show! :-)
Strålandes ver og eit strålandes humør!
(Dessverre litt småe bilete... Du får klikke på biletet, Morfar, då blir det større ;-)




Ingen kommentarer: