Sjølv om det er ferie, så går dagane skrekkeleg fort... Men her er i alle fall ein smakebit på det vi gjorde i veka som gjekk :-)

Veka starta kjekt, med Brattvåg-besøk av Anne og Silje :-)
Lone og Andrine vart sendt i bhg, så store-jentene fekk kvalitetstid, heilt for seg sjølve (Og mamsane fekk sitje i fred og preike... ;-)

Det er kjempe-stas når dei minste får vere med på leiken av store-jentene.. Her er det Malin og Oda som har sminka "to tindrane lys" - gjett om dei var medgjerlege under denne seansen!!
Elles går det i Top Model-teikning hos store-jentene for tida. Og begge to fekk seg nye Top Model bøker under by-turer i veka som gjekk. Greitt med sommer-syssel! ;-)

Det har ikkje vore så mange solnedganger å foreviga til no i sommar...
Men ein kveld så var der eit "potensiale"....
Fotografen var berre så altfor seint ute :-(

Lone protesterer på det meste for tida... Blant anna er det protestar på å gå på badet for kvelden. Då er det greitt med avtalar, som til dømes å kunne få ringe til Mormor og Morfar etter at pysjen er på...
Veit ikkje om dei i andre enden forstår alt, då men. I alle fall ikkje når ein skal vise fram både ting og seg sjølv gjennom telefonen ;-))

Veret kan ein vel trygt seie er skiftande for tida.
Sol og varme blir avløyst av det ein kan tru er haust-stormar...
Etter ei slik "ruske-bye", kom eg til at det kunne vere greitt å forevige litt av det som veks i parken (!) oppe i Nyhammer.
Del 2 kjem ved eit seinare høve...