lørdag 31. januar 2009

"spise selv"

Lone søv uroleg for tida, og idag starta vi dagen i halv 6-tida.. Og sidan Bent er ute og reiser, var det eg som måtte stå opp... (Som regel er det Bent sin jobb..)
Så innimellom graut-skeiene, vart det litt data :-)

Stilstudie i konsentrasjon.. Ikkje alltid like lett å få fatt i pastaen ;-)

"Sagge-prinsessa" vår ;-)

Andrine kan av og til like å pynte seg. Ho er eigentleg ein god mix, ho likar alt frå finkjolar og stæsj, til bilbane og lego..
Ikveld var det stæsjet som vart prioritert. Synest eigentleg det var ganske fornøyeleg.. Der gjekk ho med prinsesse-krone og synest ho var så flott, medan det var høg "sagge"-faktor litt lengre nede og bak ;-D



"Havdag"

Torsdag var det "tømmedag" for alle Tare-bøssene våre. Alle jentene har kvar si, og så har vi ei nede hos Farmor og Onkel Nils, slik at onkel har ein stad å putte alt "lommerusket" sitt.. Ganske praktisk, eigentleg ;-)

Men så er det slik at alle jentene er redde for Tare (til og med Lone skreik!), så heile greie er nok litt så som så.. Det går no an å tømme bøssene sine andre dagar også!! Men vi troppa mannsterke opp, av erfaring veit vi det er fullt. Heldigvis fann vi oss ei krå i skjul for både Tare og klovn, og med bolle og leskedrikk, gjekk det ganske bra :-)
Og etter 1 1/2 time ( ca. 100 bøsser vart tømt den dagen) var vi ferdige og godt klare for å dra heim. Men resultatet vart no ganske bra likevel: Bra med påfyll på kontoane, størstejentene turde å vente på ballongar hos klovnen (vi var dei siste som var der, men likevel..), og Oda tøffa seg til å ta Tare på halen ;-)


Og slik vart ballongdyra som jentene fekk, -og det er ein gitar og ei svane for dei som måtte lure på det...
(Må berre nemne at klovnen var ein klovn etter mitt ynskje. No fekk vi aldri stått så nært at vi fekk høyre kva han sa under programmet, men han heldt ein behageleg tone utan skrik og skrål. Og det er vel sjeldan for klovnar å vere..)
Så får vi berre håpe på at Lena og Onkel Rune klarer å skaffe oss slike tøffe Tare-luer.. Slik er det når ein står bakerst i køen, det er slutt på alle "godsakene" når vi er klare..

onsdag 28. januar 2009

Gratulerer!

Vi sender nokre gratulasjonar over fjorden til Onkel Roar oppe i Fjellbu som vart "35" år idag.
Håper du fekk deg kake :-)

Beklager...

Ja, det går av og til litt fort i svingane... DET ER LONE SOM HAR LÆRT SEG Å VINKE ;-) !!Men det at vi tullar med namna til jentene, er faktisk heilt vanleg!!! Så eg får seie som Bent når eg spør kven han eigentleg meinar: "Nei, ikkje ho.. Ho hi!" (Rart det ikkje er fleire som har kommentert dette,. Er det rein høfligheit, eller er det som hos oss: det blir litt samanblanding..?)

tirsdag 27. januar 2009

Snart ABBA-konsert...

Måndag kom Mormor ein tur på besøk, for å hjelpe oss igong med eit abba-kostyme. Andrine hadde fri frå bhg, så når Oda kom heim frå skulen og skulle gjere lekser, vart det reine arbeidsstova rundt kjøkkenbordet vårt...

Her er Mormor med sysakene, Oda med lekser, og Andrine med teiknesaker. Mor sjølv svinsa litt rundt omkring og gjorde minst av alle...

Andrine har lært seg å peike, og peikar no på det meste.. Her trur eg det var kråkene som vart observert ;-)

Måndag var vi litt i abba-mood... Her er det Oda og Lone (med litt hjelp) som dansar. 2 stk flotte "Dancing Queen"!
Takk for hjelpa Mormor!


mandag 26. januar 2009

Puffris er gøy!

Puffris er både godt, litt krevande å få i seg, og eit supert tidsfordriv (For mor...)
Men idag fann Lone ut at det var gøy å "skyte" risen!! Og då vart det jobb på mor.. Ris overalt!
Vi kan godt seie at puffris-stunda vart ein del kortare idag, ja... ;-)