
onsdag 6. april 2011
Stooor jente !
Det er nokre veker sidan Lone fylte 3 år, men vi har vel ikkje markert at det skjedde ein del rundt denne tida...
Det tek på å bli "stor jente", og i vekene rundt 3-års dagen, kasta vi både smukk og bleie!!
Lone ville ikkje eingong ligge i baby-senga (- grindseng..)!! Sidan vi ikkje hadde noko alternativ, måtte mamma'n låne vekk senga si, i alle fall første delen av natta ;-)
Og du verden så greitt det gjekk når trultemor var innstilt på det!
Nokre tårer vart det nok når smukken ikkje skulle vere med ut i senga på kvelden, men skal ein vere stor jente, så er ein stor jente...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Lone er kjempeflink! Ei stor og flott jente.
Legg inn en kommentar