onsdag 27. april 2011

Fisketur

Har ein del bilete liggande, og synest det er synd at dei berre skal ligge der..
Satsar på at det blir bestilt blogg-album i næraste framtid, og "pøser" på med bilete  ;-)


Ein av dei siste dagane i mars viste seg å bli fin, sjølv om det verkeleg var kaldt der sola ikkje nådde.
Då var det å beordre Skipper Onkel Nils til luftetur med båten, med heile familien OttAus på slep...


Kaldt og fint på sjøen, men dårleg med fangst. Men vi fekk no i alle fall gjere noko anna ein fin ettermiddag etter jobb  ;-)


Som dokke ser, så vart det ikkje "tidenes fangst".
Det vart ein stakkars småsei som vart huka fast då snøret var på vei opp...

(Det vart kakao og knekkebrød til kvelds.. Småseien fekk sleppe ut att)

Ingen kommentarer: