Medan vi var på Fjørtoftsbesøk, måtte vi ta turen "ut på Neset". Sol og fint ver var det, men ein del vind og dermed litt småkaldt. Men vi fekk med oss litt saft og litt kjeks, og la modig i veg...
Spennandes å sjå kor langt Lone ville gå sjølv, og kor mykje ho måtte berast...
Fortsatt på Grønholen.
Vindfullt, og med lyngheia og storhavet i bakgrunnen.
Oda poserer på den yste knausen på Grønholen. Måtte berre ha med den artige flystripa som dukka opp på himmelen..
Ein gammal sommarfjøs blir fort til kiosk (Er det Kvalvika det heiter her, tru..?) Her er også den vika der vi kan finne det meste havet har til overs av rusk og rask og andre rare skattar ;-)
Litt rullestein, den som enno ikkje er overgrodd av lyng.
Kunne godt ha tenkt meg nokre av desse i blomsterbedet mitt, men Bent sa at det var ikkje aktuelt..
Nydeleg er den uansett!
Flinke jenter som kan å gå på tur :-)
Men pauser er viktig for å halde på humøret!
Endeleg ser vi Fyret der framme..
Og Lone går fortsatt for eiga maskin!
"Mitt" fyr.........
Mykje rart er å finne i fjøra, her er det noko som blir brukt til hoppetau ;-)
Hmmm... Kvar tok Lone vegen?!
Upps! Nesten halvvegs oppe i stigen til fyret!! Klatremusa...
Sekretæren vår i aksjon. Og så måtte det studerast om der var andre namn i boka som vi kjente...
Merka av ver og vind, minner, og god "ballast"..
Eg kjenner eg er Fjørtofting...
Skøyerjenta vår!
Godt å finne seg ei lun krå, og kjekt at Mormor sende med oss saft og kjeks :-)
Mykje å finne, studere, og undre seg over..
Neste gong må vi ha betre tid!
På veg heim måtte Lone ha "spesial-transport". Då er det godt å ha nokre sterke pappa-skuldrar å sitje på :-)
Men det må vere sagt, Lone gjekk heile vegen utover til Neset! Reknar med at ho går innatt også til våren, etter at ho har blitt 3 år..
2 kommentarer:
Fine bilder, og artige komentarer. Like kjekt å gløtte innom her kvar gong;-)
mvh.
Bror`n på Tøftå.
Heisann go'bror'n min!
Kjekt du er innom - og kjempekjekt at du legg att kommentarar!!
Lisje søstå :-)
Legg inn en kommentar