tirsdag 18. mai 2010

Små-pjusk...

Det som aldri slår feil, er at når det nærmar seg ferie eller fridagar, blir nokon av oss sjuke...
Denne gongen har vi verken kasta opp eller sprunge på do (!), men litt små-rusk vart det no denne helga likevel..

Bent har vore litt små-uggen og har hatt feber. På biletet har han fått selskap av Lone, men ho tek seg heldigvis berre ein lur..

Det som eg synest var litt verre, er at Oda mest sannsynleg har fått att magesmertene sine som ho fekk i samband med borelia-infeksjonen i haust..
Så det har vorte nokre turar på sofaen denne helga, dessverre :-(

1 kommentar:

Stine sa...

Huff, stakkars Oda da. Får inderlig håpe det går over fort.