tirsdag 18. mai 2010

Hipp Hurra!

Så var denne 17. mai-feiringa over, og våren er offisielt "åpna"!

Planen var at ingen i Familien Otterlei Austnes skulle ha på seg bunad i år, i solidaritet med mor som ikkje har bunad (- eller for liten bunad...) Posten spelte derimot ikkje på lag denne gongen, så på laurdag starta jakta på 17.mai-kle!
Resultatet vart bunad på alle likevel (- unntatt mor, som har for liten bunad, ja...) ! Og når eg ser resultatet, er eg glad det vart slik likevel. 17.mai og bunad høyrer liksom litt ihop..



Det vart tradisjonell feiring i år også. Vi rakk som vanleg ikkje Gudstenesta (tradisjon!), men hadde til gjengjeld god tid til toget. Andrine var flink og gjekk heile vegen frå kyrkja til skulen, noko Oda også gjorde (vi hadde pappsen i bil bak toget om magen skulle slå seg vrang..)
Som Fjørtofting er eg svært glad i at dei har starta med å selje brennsnut på skulen - det høyrer med til ein 17.mai!!

Etter middag og kaker, var det leikar på skuleplassen. Litt småregn trua med å gjere det litt surt for oss, men det ombestemte seg heldigvis.

Det som det ikkje er bilete av, er at mor var med på å kaste hestesko, og gjorde det overraskande bra! Ho hamna rett bak vinnaren i kvinneklassa! Så er det nemnt, det også... ;-)


Må slenge med eit bilete av Oda som poserer framfor eit bilete av tantene sine, der den eine har på seg den same bunaden som Oda brukte idag.
Biletet er teke i 1961, så bunaden har ei lang karriere som stasplagg i familien Austnes.


2 kommentarer:

Siv sa...

Her va det masse kjekt å sjå/lese:) Så artig det va det bildet av Oda da!! Emilie har og ein bunad som går på rundgang i Otterlei slekta. Eg har prøvd å finne ut kven som har brodert den, men det hersker det tvil om. Er uansett kjekt med slike plagg som går i arv.
Og alle tre jentene dåkka va kjempeflotte på 17. mai i bunad:)

Stine sa...

Kjempefine bilder, og ja - bunad høyrer med. Hos oss har faktisk Malin sagt at ho vil ha bunad neste år! Og det er ikkje verst for ho har nekta plent å bruke bunad siden ho var 2 år gammel. Trur det hjalp på at alle venninnene var så fine i sine bunader.