Kjekt med motiv som klarer å sitje stille, berre under "litt" tvang.. hehe....
Trur eg veit om nokon som vil sakne deg desse vekene, Anette... (Jada, vi andre også!!)
Planen var at ingen i Familien Otterlei Austnes skulle ha på seg bunad i år, i solidaritet med mor som ikkje har bunad (- eller for liten bunad...) Posten spelte derimot ikkje på lag denne gongen, så på laurdag starta jakta på 17.mai-kle!


Måtte berre ta bilete av alle postane vi var innom... 3 postkasser på same turen er ikkje kvardagskost! Ikkje for meg, i alle fall ;-)
26. april feira vi Farmor Astrid 85 år. Då kom "favoritt-tante" Liv på besøk, noko som alltid er populært.
Koret som Oda syng i, Noha, har som tradisjon å avslutte sesongen på Prestegarden på Lepsøya. Det vart ikkje sykling på oss i år heller, men sidan det var litt surt og kaldt, trur eg det var like greitt.


