torsdag 28. april 2011

Påska 2011


Dette får vere lovnaden på at ei lita oppsummering av påska 2011, vil komme....

Om litt....

:-)

onsdag 27. april 2011

Påskeantrekk !


I år fekk vi nokre søte tova påskehøner som Tante Liv har strikka.

Og den eine høna hadde blitt til ei super-kul påskelue til jentene!!

Tøffaste lua på Haramsøya denne påska, utan tvil :-))


(Hmm... dei "ordinære" påskehønene står og pyntar i glaskarmen, men dei har vi ikkje huska å ta bilete av..)

Påskepynt


Tradisjonen tru prøver mor i hus å få laga til litt formingsaktivitet som passar til årstid og høgtid.

Tradisjonen tru, vart vi heller ikkje i år ferdig med produkta våre..

Hihi, målet for neste påske er å få hengt opp pynten vi laga året før  ;-)



Kjekt var det lell !

Bursdagsfeiring


Første helga i april tok vi ein liten snartur til Fjørtofta for å feire Morfar som hadde bursdag.
Morfar ser fortsatt like kjekk ut, sjølv om han blei .....  år...     ;-)


Vi gler oss til jubileum neste år!

Kveldsmat



Desse bileta stadfester at det fint går an å ete brownies til kveldsmat  :-)


Anbefalast lett lunka med eit glas kald mjølk til!

Tok dessverre ingen bilete under ete-seansen, men det var dårleg med restar...

Mormor-kos


Ein laurdag steppa Mormor og Morfar inn som barnevakt, slik at mamsen fekk reise til byen på hotell, der papsen allereie var på messe.

Kjekt med besøk, og kjekt med nokon som har tid, f.eks. til å lese  :-)

(Og kjekt med ein lufte-tur for mamsen...  )   ;-)

Fisketur

Har ein del bilete liggande, og synest det er synd at dei berre skal ligge der..
Satsar på at det blir bestilt blogg-album i næraste framtid, og "pøser" på med bilete  ;-)


Ein av dei siste dagane i mars viste seg å bli fin, sjølv om det verkeleg var kaldt der sola ikkje nådde.
Då var det å beordre Skipper Onkel Nils til luftetur med båten, med heile familien OttAus på slep...


Kaldt og fint på sjøen, men dårleg med fangst. Men vi fekk no i alle fall gjere noko anna ein fin ettermiddag etter jobb  ;-)


Som dokke ser, så vart det ikkje "tidenes fangst".
Det vart ein stakkars småsei som vart huka fast då snøret var på vei opp...

(Det vart kakao og knekkebrød til kvelds.. Småseien fekk sleppe ut att)