mandag 18. juni 2012

Skeisse-tur (skøyte-tur)

Fortsatt vinter på bloggen her, ja...  ;-)

Ein dag i februar (4/2 ?) var det blå himmel og minusgrader. Den måtte nyttast til å teste ut skøytene, for med ein Sunnmørsk vinter, veit ein aldri kor lenge det held seg..


Valget fall på Lisjemyra, då den er grunnast, og dermed tryggast. Vi rusla opp ved Varden, og fann vegen dit, saman med fleire andre som ville nyte fineversdagen.
Andrine hadde skøyter på føtene for første gong, og det gjekk over all forventning :-)


Det var fleire "ferskingar" på isen også som klarte seg med glans!


Vi var ikkje åleine på isen, og her studerer Lone og Oda ein artig snømann.


Kjekt å kose seg i sola!


Lone hadde også skøyter på føtene for første gong
- kjekt med ei hand å halde i


Sjå!
:-)



Oda har gått på skøyter før, og var vel "eksperten" blant oss  ;-)


Sola var der, og den varma!
Men når sola gjekk bak trea, vart det litt småkaldt..


Etter ei stund på skøyteisen, gjekk vi ned til gapahuken som HIL har laga til.
Då er det kjekt med turfølgje som har med pinnebrød-deig!


Bent fekk fyrt opp eit bål, slik at vi fekk grilla pølser og pinnebrød  :-)


Oda spikkar eigen grillpinne.


Eit bilete som viser den flotte gapahuken som HIL har fått istand!


Kosebilete ;-)


Og så tok det til å mørkne, og det var på tide å finne vegen heim att...

Ingen kommentarer: