søndag 29. april 2012

Retro... ?

Det var ein gong.....




Ei tid etter jul var det tid for litt julemiddagsrestar.
Og då vart det servert drikke til maten, på den gode gamaldagse måten  ;-)
Både eg og Bent har minner om bestemødre som serverte brus med hol i toppa. Å få sugerør var vel heller sjeldan, men når vi skulle servere det til ungane, kom vi til at det måtte vere tryggast.

Veit ikkje heilt kva ungane tenkte, når vi forklarte at småbrus i plastflasker ikkje fantest på den tida då vi var små.  Og heller ikkje kva dei tenkte når eg sa at Bestemor brukte å ha litt smør i holet, slik at det vart brus neste gong eg kom på besøk også..

Hmmm...  Det var tider det!!  :-)


Ingen kommentarer: