Tenk å vere så heldige med å planlegge tur til badeland!!!

Men Bø Sommarland vart snart omdøpt til "Kø i Sommarland".... Det var visst fleire som ville nyte fineveret! Så etter at vi fekk trykt ned ein handduk ved familie-bassenget, vart vi der verande... Ingen sklier og æksjen på oss, nei... Trur ikkje vi hadde det store behovet heller ;-)
Men ein fin og varm dag likevel, og vi tek gjerne ein tur til når ungane har blitt større.
Tips: Kjøp 2-dagers billett, ein rekk nemleg ikkje over heile parken på ein dag!!
(Nemnde eg at vi traff kjentfolk her også?)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar