Også i år måtte eg heim for å feire "skikkeleg" jonsok..
Jonsok-feiringa skal liksom vere grilling og bål i fjøra, helst i ei slik stø som heime på Fjørtofta.
Så då satsa vi på at vi fekk hive oss med dei som har både grill og langbord nede i Otta-fjøra ;-)

Det var ikkje så mange som "fann fram" denne Jonsokaftanen, men vi hadde det kjempekoseleg vi som var der! (Eg snakkar i alle fall for meg sjølv)

Fisking av krabber høyrer med, og dei største like ivrig som dei minste ;-)
Til og med veret klaffa denne kvelden, sjølv om det kanskje ikkje var rette badetemperaturen..
Eller tek eg feil, Ove !?! ;-))

Blir ikkje så mykje skriving denne gongen - bileta får tale for seg sjølv.. :-)
Takk for ei fin feiring, håper å få komme tilbake, kanskje til neste år ?
1 kommentar:
Åhhh, for en fin plass da? Såg så koslig ut å feire jonsok nede i fjøra, med naust, langbord, krabbefisking og god mat - og godt selskap såklart! Kjekt å få sjå bilder fra feiringa dåkka, og tusen takk for at Malin fekk vere ilag med dåkke!
Legg inn en kommentar