Pappa Bent hadde fullt program heile laurdag, med møte og bedriftsbesøk. Vi andre måtte klare oss som best vi kunne, på eit hotell som kunne ha vore litt meir barnevennleg.. (Men dei hadde SPA! Men ingen barnevakt for 3..)
Julehandelen i sentrum vart av den kortvarige sorten, men vi fekk no i alle fall sett kor koseleg det var der. Skal nok stoppe der fleire gongar, kanskje på ei litt varmare årstid.

Trudde også eg skulle få tatt det berømmelege julekort-bilete, sidan alle jentene hadde finstasen på... Men når ein ventar til dei er proppfulle av brus og julekaker, blir det dårleg med idyll-bilete ;-)

På veg heim måtte vi prøve Eiksund-sambandet, og dermed la vi turen innom Ulsteinvik for å sjå korleis det gjekk med husbyggjarane..
Kjekt med nytt hus, men du verden kor glad eg er for at eg er ferdig med denne epoken!! Men lyst til å pusse opp, fekk eg...
Det er lov å håpe, det har skjedd under i jula før... ;-)
2 kommentarer:
Julebord med 3 unger står det respekt av! Og kjekt å sjå litt husbyggings-aktivitet også. Eg har som sagt ikkje sett tomta engang (huff). Ivar skal sikkert på tur i helga og kike litt. Heldige som får seg nytt hus (tenker eg som pusser opp heile tida - eller dvs Ivar pusser opp).
Sukk, julebord med tre unger e slett ikkje avslapning... Det ha ej faktisk sett ganske mørkt på...Mine tre unga på et lite hotellrom = kaos.... Ej mæ misunne alle so fær sej nytt hus, men det e berre ei lita stund, heldigvis;) He det bra nok her ej, berre ej fær pussa opp litt snart...;)
Legg inn en kommentar