Denne helga har nok vore sterkt prega av Taremareby, men litt anna har det no vore plass til.
Også denne helga har vi hatt sjukdom i heimen (-fortel oss noko nytt, då..!!!!!). Lone starta natt til fredag med falsk krupp, og fortsatte med feber og oppkast. Ser ut til at vi startar ny arbeidsveke med sjukedagar - igjen..
Vi må også takke Guttorm og Karen og gutane for besøket på laurdag. Kjekt med uventa besøk, gjer det gjerne igjen :-)

Biletet under viser korleis det er greitt å avslutte ein fredags-kveld :-)

Dette var ei utruleg flott forestilling som eg håpar fleire hadde vett til å få med seg!! Sjølv om Andrine måtte på fanget når Krabbe Krølle kom på scena, kosa vi oss frå start til slutt! :-)
Eit av bidraga som utmerkte seg, var nok slottet laga av Haramsøy Bhg! Og etter nøye forklaring av Oda og litt leiting frå mor, fann vi fisken som Oda hadde i "fiskestimen"..
Der åt vi nydeleg fiskesuppe, høyrde om Ingebrikt Davik, og sang songane hans. -Ei tilstelning heilt i pappa si ånd, meinte ei av døtrene som var tilstades.
1 kommentar:
Taremarebyforestillinga va berre heilt utrulig bra!! Ej va mektig imponert! Emilie mæ ha sett det en gong før, men ho ville gjerne sjå det en gong til, så fornøgd va ho;) God bedring til Lone....
Legg inn en kommentar