Denne helga vart variert, både når det gjaldt aktivitetar og ver. Jaja, så mange aktivitetar vart det no ikkje, men litt styrar ein no med, med 3 ungar...

Laurdag hadde vi eit flott ver som vi prøvde å nyte ute. På ein trilletur til butikken, fekk vi med oss både ei dansegruppe som hadde oppvisning i anledning Barnestemnet her ute, og Oda med 2 venninner som hadde "butikk" til inntekt for Redd Barna.
Heime vart det årets siste plenslåing, og utplanting av 2 stk busker (-versegod Hjorten, frodig tuja står og ventar...)
Søndagen var det tilbake til grått regnver igjen.. Men ein liten tur til skuleplassen og ballbingen er kjekt med regnkle også :-)
Så er det berre å få unna ei hektisk veke, før det pinadø er helg igjen....
1 kommentar:
Helgane berre fyk avgårde dei... Men no he ej ikkje hatt "frihelg" på lenge.. Gle mej til haustferie no. Då kan mej slakke litt meir på tempoet:)
Legg inn en kommentar