Ikveld var vi på sommaravslutning på Haramsøy skule, der Oda no er ferdig med sitt aller første skuleår.. Huff som tida går!! Berre ein sommarferie unna, så er store-jenta vår 2. klassing!
1. - 4. klasse hadde eit innslag inspirert av High School Musical, midt i blinken for Oda. Ho er ikkje av den typen som er særleg frampå ndg slike ting, så berre det å stå på scena og danse, er eit stort framsteg (Oda tek det att på heimebane i fullt monn). Og flinke var dei!!
Vi prøvde å ta "tidleg" kveld, sidan det er jobb og barnehage på alle mann i morgon. Men dette var starten på den store Sommarfest-veka. Resten av dagane denne veka, skal vi ha sommaravslutning "alle dei andre plassane" vi er innom i løpet av ei veke...
Det blir nok meir is og brus denne veka, ja ;-)
(Ps: Fekk eit lite deja-vu under ein lysbilete-serie 10. klasse viste ikveld... For 10 år sidan hadde eg gjengen frå Longva nokre timar som elevar!! Og eg huskar dei svært godt som 1.klassingar :-) Artig!!)
1 kommentar:
Va ei flott avslutning! Og det va o trøtte jente i heimen her når mej kom heim kl hal elleve;) Men no e det heldigvis ferie for alle andre enn far i huset. Deilig det:)
Legg inn en kommentar